#Romeo&Julie - Shakespeare i fengsel
Innsette i Bjørgvin fengsel skreiv om stykket Romeo og Julie av William Shakespeare og plasserte det i ein fengselskontekst. Her kan du lese ein artikkel om prosjektet: https://www.hvl.no/aktuelt/romeojulie/
Stor takk til HVL og til dramapedagog Astrid Koppen Mjanger som arrangerer teaterworkshop med innsette i Bjørgvin kvart år. Denne gongen var det William Shakespeares Romeo og Julie som vart knadd og sett opp som #Romeo&Julie. Underteikna var så heldig å få sjå oppsetninga, og eg noterte meg ein fantastisk innsats og engasjement av dei innsette som var med. Workshopen denne gongen var ein del av Erasmus+-prosjektet TYPUS, Transforming Young People Using Shakespeare, der også Italia og Hellas deltar.