Resource Details
Ressurs

Dikus rapportserie 04/2021 Pedagogikk, innovasjon og digital teknologi i utviklingsprosjekt i høgare utdanning

Diku gir gjennom ei rekke program og ordningar støtte til utviklingsprosjekt av ulikt slag. Ein del av desse programma har digitalisering av undervisning og læring som hovudmål, medan ei rekkje andre program legg til rette for at dette kan vere eitt av fleire element i prosjekta ein søker støtte til. Gjennom prosjekta får utdanningsinstitusjonane, undervisarane og studentane høve til å utvikle og prøve ut nytt innhald og nye metodar, i denne rapporten omtalar vi dette som pedagogiske innovasjonar.

Målet med rapporten er å formidle døme på digitalisering av undervisning og læring. I arbeidet med rapporten har vi analysert og oppsummert pedagogisk bruk av digital teknologi i ei rekkje utviklingsprosjekt i Diku si portefølje, og samanstilt kva som ser ut til å fungere godt og mindre godt. Ein gjennomgåande observasjon er at det ikkje er nok å «setje straum til papir». For at digitaliseringa skal bidra til kvalitetsutvikling er det avgjerande at dei digitale verktøya inngår i ei samstemt tilnærming, der den planlagde endringa blir pedagogisk grunngjeve. Slike døme viser fleire av prosjekta vi presenterer frå Dikus portefølje. 

Det er vårt håp at rapporten skal bidra med kunnskap og inspirasjon til arbeidet med å iverksette den nye strategien for digitalisering av UH-sektoren, som vert lagt fram våren 2021.

Resource Details
tre kvinnelige studenter sitter ved et bord og leser konsentrert, to på pc-er og en i en bok.
Resource author
Diku
Type ressurs
Studier og rapporter
Land
Publiseringsdato
Language of the document
Login (1)

Login or Sign up to join the conversation.

Want to add a resource ?

Don't hesitate to do so! Click the link below and start posting a new resource!