European Commission logo
Logg Inn Create an account
Each keyword is searched for in the content

EPALE - Elektronisk Plattform for Voksnes Læring i Europa

Blog

Knekke koder II - om unge innsatte i Barcelona og Bergen

Om ungdomsfengsel i Barcelona og Bergen, korleis motivere unge innsatte til utdanning, og ein ung mann si reise frå Nord-Afrika til Bergen.

Profile picture for user annbod1.
Anne Marit Bødal
Community Contributor (Bronze Member).

Erasmus-prosjektet "Knekke koder - nye veger til en bedre fengselsundervisning" førte oss til Barcelona og organisasjonen CIRE (Centre d’Iniciatives per a la Reinserció) i november 2019. Hovudmålet her var å lære om korleis dei driv utdanning i ungdomsfengsel i Barcelona. Vi besøkte to fengsel: Can Llupià og Alzina. Gjennomsnittsalderen på dei innsette i begge fengsela er 17-18 år. I tillegg besøkte vi Juvenile Justice Headquarters, og CIRE sitt hovudkontor i Barcelona.

Can Llupia er eit varetektsfengsel med relativt stor gjennomtrekk - flesteparten av ungdommane sit her 6-9 mnd, mens dei ventar på dom og avklaring på kor dei skal sone etterpå.

Vi møtte Pedro, som er koordinator for CIRE i Can Llupia, og Roser, som jobbar for ‘education department’ og koordinerer klasseromsundervisinga og lærarane der. Dei fortalde om behovet for individuell rettleiing og tilrettelegging. Dei som jobbar med utdanning og yrkestrening, må vere raske i vendinga og få ungdommane i aktivitet ganske kjapt. Det er viktig for dei både å vite kva som foregår elles i livet til dei innsette og å kartlegge bakgrunnen og interessene deira, for å tilrettelegge for skulegang.

Sidan dei innsette er i skulepliktig alder, er det krav om at dei skal delta i anten skule eller yrkesopplæring, eller begge deler. Dagen er delt inn i to økter, og ungdommane har vanlegvis klasseromsundervising den eine økta, og praktisk arbeidstrening den andre økta.

I Can Llupià har dei opparbeidd eit uteområde der dei innsette kan lære forskjellige ferdigheiter som t.d. gartnararbeid, mur og anleggsgartnararbeid, bygg og konstruksjon, måling og sykkelverkstad. I tillegg har dei kjøken med opplæring i restaurant- og matfag.

Alzina har mykje det same opplæringstilbodet, men lengda på dommane er litt lengre, og det er dermed mogleg å drive meir langsiktig arbeid med ungdommane.

Spania har hatt ei enorm auke i innvandring dei siste åra, spesielt frå Nord-Afrika. Mange er unge, einslege innvandrarar utan opphaldsløyve. Dette påverkar både kriminaliteten og befolkninga i ungdomsfengsla, noko som igjen fører til at skulen og CIRE må tilpasse sitt tilbod. Mykje av klasseromsundervisinga er omgjort til grunnleggande språkopplæring og alfabetisering, då mange av dei innsette ikkje snakkar spansk og aldri har lært å lese og skrive. Også opplæringa i verkstadene er prega av at elevane ikkje kan kommunisere på spansk eller katalansk. Nivået i gruppene kan vere svært varierande, noko som stiller høge krav til lærarane si evne til å tilpasse undervisinga.

Sosiale stigma og haldningar overfor kriminelle gjer det også vanskeleg for mange å kome seg ut i jobb etter å ha sona i fengsel. Vi ser at CIRE, som er ein stor og veletablert organisasjon, gjer eit svært viktig arbeid med å hjelpe innsette å kome ut i arbeidslivet og samfunnet etter soning. CIRE står for Centre d'Iniciatives per a la Reinserció, og nettopp reintegrering (reinserció) er målet for arbeidet deira, både på innsida og utsida av murane.

Både i Can Llupià og i Alzina var vi imponerte over engasjementet til dei vi møtte som jobbar med ungdommane. Monica og Rafa fortalde om korleis skulen tilpassar seg den enkelte elev og ikkje omvendt - og med tanke på bakgrunnen til mange av elevane i fengselsundervisinga, er det kanskje det einaste som fungerer.

I Bergen har vi UE (ungdomsenheten) for innsette frå 15 til 18 år og Bjørgvin fengsel, som skal satse ekstra på unge innsette mellom 18 og 25 år. Mange av elevane er også minoritetsspråklege, og sjølv om vi ikkje har det same massive trykket som våre kollegaer i Barcelona fortalde oss om, kjenner vi att mange av problemstillingane dei møter.

Ein av våre lærarar, Mathias Sivertsen, heldt eit foredrag under Oppikrim-konferansen 2021 (om opplæring i kriminalomsorga), om akkurat motivasjonsarbeid overfor elevar i aldersgruppa 15-18 år. Foredraget finn du her: https://youtu.be/3xT2pWgxpXE

Ofte møter vi elevar med dramatiske og samansette bakgrunnshistorier, som av ulike grunnar har endt opp hos oss i Bjørgvin eller Bergen fengsel. Her kan du lese historia til ein av våre unge elevar frå Nord-Afrika og den lange reisa hans gjennom Europa. Slike forteljingar kan hjelpe oss å forstå bakgrunnen og dermed føresetningane til elevane betre. Historia er ført i pennen av Odd Sætre, som har undervist eleven i norsk og alfabetisering. Namna er anonymiserte.

Bildekollasje av solfylte uteområder, et klasserom og et kjøkken.
Attachments
Login (2)

Login or Sign up to join the conversation.