Knekke koder - Erasmus+ fengselsundervising og oppfølgingstilbud i Dublin

Fengselsundervisinga ved Åsane vidaregåande skule (avdeling Bergen fengsel, Bjørgvin fengsel, Ungdomsenheten Vest og Fossane) har i perioden 2018-2020 hatt eit toårig Erasmus-prosjekt der vi har sett på ulike aspekt ved fengselsundervising. Prosjektet fekk namnet Knekke koder - nye veger til en bedre fengselsundervisning.
I september 2018 var Åsane vgs. sine utsendingar i Dublin og besøkte CDETB (City of Dublin Education and Training Board) sine skuleavdelingar i Arbour Hill og Mountjoy prisons, og Pathways, som er "post-release centre" eller oppfølgingsklasse for CDETB.
Arbour Hill Prison er eit fengsel med medium sikkerheit. Fengselet har plass til ca. 190 innsette, og ifølge rapporten deira frå 2018 er 105 dømde for “Rape/Sex Offence”. Fangebefolkninga har ein ganske høg gjennomsnittsalder, og mange har lange dommar. Dette påverkar også mandatet til skuleavdelinga i fengselet, der målet ikkje berre er å gi elevane dokumentert kompetanse for arbeidsliv eller vidare studiar, men også å gi dei innsette eit meiningsfullt innhald i soninga.
Vi besøkte også Mountjoy West / The Progression Unit, som er eit ope fengsel med mykje bruk av frigang til arbeid og utdanning. Også her tilbyr skuleavdelinga fag/kurs på forskjellige nivå, frå Level 3 til Leaving Certificate (Level 5). Kurstilbodet kunne skifte raskt, avhengig av kva behov dei innsette hadde. Når det gjeld kva fag som blir undervist i samband med Leaving Certificate (for studiekompetanse), er det også relativt fleksibelt. Elevane treng seks fag for å få det som tilsvarar studiekompetanse, men dei kan velje fag i større grad enn i det norske systemet.
Vi besøkte også skuleavdelinga ved høgsikkereitsfengselet Mountjoy Prison. Sjølve arealet på avdelinga var ikkje så stort, men her var mykje aktivitet og mange elevar i klasseromma. Dei klassane som gjekk føre seg då vi kom på besøk, var:
- musikk - med opptaksmoglegheit. Vi fekk med oss ein CD med musikk som dei hadde tatt opp.
- PE (kroppsøving) - sirkeltrening
- Kunst/teikning/måling - 15 elevar i eit rom på om lag 10 kvadrat. Nokre sat, andre stod og måla på staffeli eller oppetter vindauga.
- Filosofi og politikk - om lag 10 elevar rundt eit bord, og mykje engasjement.
- Sjølvstudierom med 10-12 plassar og datamaskiner
Pathways Post Release Centre er fengselsundervisinga sin “oppfølgingsklasse”, tilsvarande Fossane ved Åsane vgs. Dei som begynner på eit opplæringsløp i fengselet, får moglegheita til å fullføre det her. Pathways er drive av CDETB Education Service to Prisons, og skuletilbodet er såleis det mest sentrale her. Samtidig er skulen samlokalisert med andre tilbod til dei innsette, som t.d. narkotikarådgjevar. Manager Niall Walsh hadde klare krav til brukarane av senteret: Alle må ha noko å gjere - men det er ikkje så viktig kva du gjer. Senteret skal vere ope for mange (med unntak av sedelegheitsdømde og “high profile criminals”) og tilbyr derfor eit breidt og fleksibelt utval av kurs og andre tilbod, frå Soft Skills til Leaving Certificate og Open University.
Leiaren for fengselsundervisinga i Dublin-området, Stephen O'Connor, var til stor hjelp i planlegginga av opphaldet, viste oss rundt og fortalde om tanken bak dei ulike tilboda som CDETB driv.
Det å reise og besøke andre institusjonar som driv med det same som oss, kan vere berikande på fleire måtar. På den eine sida kan vi utveksle erfaringar og få inspirasjon som vi kan bruke til å forbetre opplæringa og organiseringa i vår eigen organisasjon. Men det er ikkje alt som fører til direkte endring - ofte handlar det like mykje om å utvide horisonten og få impulsar som fører til at vi reflekterer over vår eigen praksis.