European Commission logo
Create an account
Each keyword is searched for in the content

EPALE - Elektronisk Plattform for Voksnes Læring i Europa

Blog

På veg ut

Kva type oppfølging ønsker unge innsette seg for å takle livet når dei kjem ut att i samfunnet?

Profile picture for user annbod1.
Anne Marit Bødal
Community Contributor (Bronze Member).
Skills4Life Logo.

Dette spørsmålet har partnarane i Erasmus+-prosjektet Skills4Life stilt ungdommar som er innsette eller nettopp har blitt lauslatne frå fengsel. Resultatet er no i ferd med å bli eit kurs som er meint å møte utfordringane til unge i fengselssystemet og førebu dei på lauslating. Kurset er bygd opp med fire modular, som kvar tar for seg eitt tema.

I den første modulen jobbar ein med seg sjølv. Det handlar mellom anna om å bygge opp eit positivt sjølvbilde, å kunne regulere følelsar og kjenne igjen følelsar og sinnsstemningar hos seg sjølv og andre, og å kunne ta gode beslutningar. Ei av øktene har tittelen «Where life takes you…» og startar med at ein ser ein film, for eksempel Slumdog Millionaire. Filmen fungerer som utgangspunkt for å reflektere over korleis alle dei tilfeldige hendingane i livet vårt er med på å forme den personen vi er i dag. Mange unge som er i konflikt med lova, har hatt lite moglegheit for å reflektere over sine eigne liv. Denne øvinga gir deltakarane høve til å tenke over dette temaet utan at det berører dei sjølve og deira opplevingar direkte.

Modul 2 handlar om relasjonar til andre menneske. Ein lærer om sunne og usunne forhold, og om korleis ein kan skape og bevare dei sunne forholda. Modulen inneheld også økter som handlar om familieforhold, sinnemeistring, konflikthandtering og effektiv kommunikasjon. Også her er gruppeaktivitetane utforma med tanke på at det skal vere visuelt og konkret. Målet er at deltakarane skal bli personleg engasjert og oppleve det som relevant for dei sjølve.

I modul 3 går ein meir konkret til verks for å førebu unge innsette til å ta val i kvardagslivet, utanfor institusjonen. Deltakarane lærer om personleg økonomi, fysisk og psykisk helse, jobbsøking og framtidsplanar, og å vere ein aktiv medborgar.

Den siste modulen, «Preparing for life after release», skil seg ut frå dei andre ved at ein her vekslar mellom gruppeøkter og individuell rettleiing. Kvar deltakar får eit «lauslatingshefte» der dei kan legge ein plan for si eiga lauslating. Dei må ta stilling til kva behov dei har (t.d. finne seg arbeid, ein stad å bu, klede, mat, helsetenester, gjenoppta kontakt med slektningar), kva organisasjonar og institusjonar som kan hjelpe dei når dei kjem ut, og dei utviklar ein «ut-plan».

Partnarane i Skills4Life-prosjektet er: 

  • The University of Gloucestershire
  • CESIE – European centre of studies and initiatives, Palermo i Italia
  • ALLI – Athens lifelong learning institute, Hellas
  • ISC – Institut Saumurois de la Communication, Frankrike
  • EPEA – European Prison Education Association

Kristin Mjåseth og Anne Marit Bødal var inviterte av EPEA til å vere med og lære om metodikken i Skills4Life. Vi arbeider til dagleg som lærarar i fengselsundervisinga ved Åsane vidaregåande skule i Bergen.

Planen for prosjektet utover i 2023 er at partnarane i Italia, Frankrike, Hellas og Storbritannia no skal setje i gang pilotprosjekt ved to institusjonar i kvart land. Formålet med kurset vi deltok på ved Universitetet i Gloucestershire 15.-17.11.22, var å trene opp dei som skal implementere prosjektet ved sine respektive institusjonar. I løpet av kurset reflekterte vi over korleis S4L passa inn i vår setting i norske fengsel:

Norske fengsel er for det meste relativt små institusjonar, og det er kanskje lettare å implementere S4L i mindre einingar enn i store. På vår arbeidsplass er det jamt over gode relasjonar mellom skulen og fengselet. Kriminalomsorga og skulen deler mykje av den same målsetjinga: Rehabilitering og tilpassing til livet utanfor murane er eit prinsipp ein allereie siktar mot. Vi har også eit system med frigang og steg for steg-reintroduksjon til samfunnet. Slik sett har vi kanskje færre hindringar i vegen enn for eksempel i Frankrike, der vi fekk inntrykk av at folk flest (også tilsette i fengsel) meiner at innsette ikkje fortener å få utdanning eller anna hjelp til å klare seg i samfunnet når dei er ferdig med soning.

Vi jobbar på ein vidaregåande skule med avdeling for fengselsundervising. Mandatet vårt er i hovudsak å gi elevane moglegheit for å ta ei formell utdanning, der dei kan ende opp med eit kompetansebevis, vitnemål eller fagbrev. Det er såleis mindre rom for uformelle og «mjuke» ferdigheiter, som dette kurset hovudsakleg er retta mot. Samtidig har vi grunnleggande kurs der deltakarane lærer praktiske ferdigheiter, musikk, kunstverkstad og liknande. S4L kan kanskje passe inn i ein slik kurssamanheng.

Det at vi jobbar mot same mål, kan også vere ei ulempe dersom ein skal setje i gang eit S4L-kurs i regi av skulen. Fleire av elementa i kurset er ting som dei ulike aktørane i fengselssystemet allereie gjer, som for eksempel kjensleregulering/sinnemeistring, skrive CV og søknad, og førebu seg på lauslating. Det blir i så fall viktig å samarbeide med helseavdelinga, psykologtenesta, programverksemda og andre aktørar som den innsette møter i løpet av soninga, slik at ein ikkje tråkkar i beda til kvarandre.

I Skills4Life forsøker dei å samle dei ulike elementa til eit samanhengande, konkret kursforløp. Det kan vere bra for den enkelte innsette å sjå desse tinga i samanheng, og oppleve at dei rundt hen også ser den same vegen. Samtidig er det eit viktig poeng at fagstoffet er laga for å kunne tilpassast til ulike land, ulike fengsel og til den enkelte innsette som skal delta.

Målgruppa for Skills4Life-programmet er ungdommar i fengselssituasjon frå kriminell lågalder og opp til 25 år. I Noreg har ein ikkje eigne fengsel for dei mellom 18 og 25, slik som dei har i nokre av dei andre deltakarlanda, men ei eiga satsingsgruppe for aldersgruppa inne i eit vanleg fengsel. Dette ungdomsteamet kan vere særleg interessant for implementering av programmet. Ein kan òg tilpasse dei ulike øktene til å passe for vaksne som slit med regulering av eigne følelsar, relasjonar eller kva praktiske steg ein treng å ta for å førebu seg på livet utanfor fengselet.

Login (3)

Login or Sign up to join the conversation.